Fritak for karakter i norsk sidemål

Rektor kan gi fritak for vurdering med karakter i norsk sidemål etter friskoleloven.

Elevar har mottatt særskild språkopplæring etter friskolelova § 3-5 på 8., 9. eller 10. årstrinn i grunnskolen eller på Vg1, Vg2 eller Vg3 i vidaregåande opplæring, kan få fritak frå vurdering med karakter i skriftleg sidemål.
Når ein elev i grunnskolen og vidaregåande opplæring får opplæring etter individuell opplæringsplan, avgjer foreldra eller eleven om eleven skal ha vurdering med karakter i skriftleg sidemål. Valretten gjeld berre dersom enkeltvedtaket om spesialundervisning omfattar skriftleg sidemål.
Elevar i heile grunnopplæringa har også rett til fritak frå vurdering i skriftleg sidemål dersom dei:

  1. på grunn av sjukdom, skade eller dysfunksjon som er diagnostisert av ein sakkunnig, har problem med å greie begge målforma
  2. ikkje har gjennomgått ungdomstrinnet i norsk grunnskole
  3. fylte vilkåra for fritak frå opplæring eller vurdering i skriftleg sidemål i grunnskolen, men på grunn av dokumentert saksbehandlingsfeil likevel ikkje fekk fritak

Skolen sitt styre skal stryke standpunktkarakter eller eksamenskarakter i skriftleg sidemål dersom ein elev som har fått innvilga fritak frå vurdering med karakter etter denne føresegna, likevel har fått vurdering i skriftleg sidemål.